Skip to content

Fastlegevikar – Helseavdelinga, Sula kommune

  • by

Vi søkjer deg som har lyst å prøve deg som fastlege, Vi kan tilby eit trygt og godt arbeidsmiljø, der det er godt å være.

Kommunen har eit ledig vikariat for perioden 22.04.2025 – 01.09.2025. Listetak på 700, men den er ikkje full.

Kommunelegekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, slik at både pasientar og medarbeidarar skal trivast.

Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.  For vikariatet vil ein kunne tilby fastlønnsavtale.

Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar.Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon

Arbeidsoppgåver

–  Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdekning

– Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta med inntil 7,5 time pr veke etter nærare avtale med kollegar og kommunen.

– Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane deltar i vaktordninga.

– Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen

Kvalifikasjonar

– Søkjar må ha norsk autorisasjon

– LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent

– Fagleg oppdatert på relevant kunnskap

– Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig

– Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil

Personlege eigenskapar

– Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer 

– Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.

Vi tilbyr

– Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS

– Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3

– Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar

– Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale

– Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.

– Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling

– Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.

– Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Grethe Øen, Einingsleiar, 93821014, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen, Fastlege og HTV for DNLF, 97091508, oystein.mjelde.aasen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 22.04.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025

Søk her!

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 700 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.

Meir informasjon om Sula kommune.

Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!