Eining regulering, byggjesak og oppmåling (RBO) har i dag 12 medarbeidarar som sakshandsamar og jobbar innan fagområda reguleringsplan, byggjesak/tilsyn, mindre avlaupsanlegg, oppmåling og geodata. Me held til i rådhuset i Leirvik sentrum.
Eininga er i endring, og landbrukstenesta vil i løpet av 2025 verta tilknytt forvaltningseininga ved RBO. På sikt vil difor intern oppgåvefordelinga kunna endrast, etter dei tilsette sine interesser og kvalifikasjonar.
Det er no ledig fast 100 % stilling som byggjesakshandsamar.
Stillinga vil inngå i eit forvaltningsteam med 5 tilsette innan fagområda byggjesak, tilsyn og utslepp.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Sakshandsaming av byggjesaker og dispensasjonar etter plan- og bygningslova, inkl. klagesakshandsaming, og førehandskonferansar
- Handsaming av utsleppssøknader (mindre avlaupsanlegg)
- Rettleiing mot publikum og byggje- og anleggsbransje
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant utdanning på minimum høgskule-/universitetsnivå
- Bakgrunn som jurist, ingeniør eller andre relevante yrker kan vera ein fordel
- Relevant erfaring innan offentleg forvaltning kan vega opp for manglande utdanning
- God digital kompetanse
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Førarkort klasse B er ynskjeleg
Me søkjer ein medarbeidar som:
- Har gode samarbeidsevner og likar å jobba på tvers av ulike fagfelt
- Har høg arbeidskapasitet og arbeidar strukturert og sjølvstendig
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
- Er utviklings- og løysningsorientert i møte med anna fagpersonell, eksterne samarbeidspartnarar og utbyggings- og konsulentbransjen
- Er initiativrik og har god relasjonskompetanse
Me kan tilby:
- Høve til personleg vekst og utvikling i arbeidet
- Eit godt, hektisk og tverrfagleg arbeidsmiljø med spennande utfordringa
- Medlemskap i Stord kommune ve og vel med bl.a. husvære i Røldal, hytte på Husøy inkl. båt, utleige av tilhengarar, m.m.
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Offentleg tenestepensjon
For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Elisabeth Gjerde tlf. 469 64 985
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson:
Elisabeth Gjerde – Einingsleiar
Mobil: 469 64 985
E-post: elisabeth.gjerde@stord.kommune.no
Søk her!
Søknadsfrist: 02.02.2025
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.