Skip to content

Lærar til Ølen skule – Vindafjord kommune

  • by

Vil du bli ein av oss på Ølen skule?

Me søker:

Lærar. Me treng ein person i 100 %, fast ved Ølen skule, stillinga er ledig frå snarast

Hovudarbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for fag på ungdomsskulen
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar
  • Kontaktlærar

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Andre kanditatar med annen kompetanse/erfaring kan og søke. Tilsetting blir då mellombels
  • Fagønsker: engelsk, naturfag, kroppsøving, spesialundervisning
  • Ha gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid 
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert og systematisk
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 320 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Kontaktperson

Gro Anett Espevoll
+47 95150434 +47 53655782
E-post: gro.anett.espevoll@vindafjord.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 11.08.2024

Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.