Skip to content

Rektor til Hauso skule – Ullensvang kommune

  • by

Ullensvang kommune søker rektor på Hauso skule

Ullensvang kommune

  • ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. 

Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.  Tar du utfordringa?

Ullensvangskulen

I Ullensvang har vi ti grunnskular plassert rundt omkring i vår vidstrakte kommune. Storleiken på skulane er variabel, og nærmiljøet til den einskilde skule er ulikt. Men alle skulane har rik tilgang til områder for leik og friluftsliv som strekker seg frå fjord til fjell.

Ullensvangskulen har eit brennande hjarte for elevane. I Ullensvangskulen skal vi saman legge til rette for læring for alle elevar og stimulera den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi er opptatt av å førebyggja utanforskap i eit inkluderande fellesskap og eit trygt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle. 

Vi søkjar no rektorar til fire av skulane våre: 

Hauso skule

Hauso skule ligg på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, med fruktgardar som næraste nabo. Skulen ligg på Hauso, omlag 4 mil frå administrasjonssenteret vårt Odda. Skulen har 76 elevar fordelt på 1.-10. trinn, eigen SFO-avdeling, eit flott basseng og spesialrom. Skulen har stort uteområde tilrettelagt for leik og læring. 

Leiarteamet ved skulen består av rektor, avdelingsleiar og teamleiarar for barne- og ungdomssteget. Administrasjonen består i tillegg av ein merkantil, ein fagansvarleg for SFO, rådgjevar, helsesjukepleiar og bibliotekar. 

Skulen har fokus på inkluderande praksis, blant anna gjennom tverrfaglege tema. Dei arbeider med skulen sine verdiar; positivt menneskesyn – engasjement – samarbeid og struktur.

Vår standard for rektorar;

Arbeidsoppgåver for rektor:

  • God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.
  • Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.
  • Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.
  • Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme.
  • Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette
  • Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.

Samarbeid

  • Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.
  • Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.
  • Erfaring som leiar frå skule og opplæring.
  • Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss.
  • Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.
  • Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov.
  • Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.
  • God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg

Personlege kvalifikasjonar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar:

  • Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.
  • Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.
  • Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess.
  • Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.
  • Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.
  • God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette.
  • Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.
  • Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.
  • Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren.

Vi tilbyr

Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling.

  • Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.
  • Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR.
  • Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov.
  • Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet.
  • Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar.

Vilkår

  • Løn: Etter avtale
  • Pensjon og forsikringar: Gode ordningar
  • Oppstart: Etter avtale

Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved.

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.

Alle søkjarar vert sett opp på ei offentleg søkjarliste. Det kan søkjast om anonymitet, men det må liggja føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør offentlighetsloven § 25. 

Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen!
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson:

Marit O. Langås
Mob: +47 97558636
E-post: marit.langaas@ullensvang.kommune.no

Søknadsfrist: 23.07.2024

Søk her!

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Tar du utfordringa ?