Skip to content

Ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar i Flekke barnehage og Våge barnehage – Fjaler kommune

  • by

Er du genuint opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Vi ser no etter barnehagelærar til to av barnehagane i Fjaler kommune i 100 % faste stillingar.

  • Flekke barnehage har ledig stilling for ein barnehagelærar som vil vere pedagogisk leiar i barnehagen, samt jobbe i SFO på skulen. Flekke barnehage er samlokalisert med skulen. Barnetalet aukar og vi har no tre avdelingar. Vi ser etter ein pedagogisk leiar som vil jobbe ca.70 % i barnehagen og ca. 30 % på skulefritidsordninga.
  • Våge barnehage søkjer etter pedagogisk leiar til å leie ein av våre to avdelingar i barnehagen. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.

Skriv i søknadsteksten kva barnehage du vil jobbe i og ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillingane eller arbeidsplassane. Vi høyrer i frå deg med glede!

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar
  • Barnehagelærar eller annan relevant treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå
  • Fagarbeidar som barne- og ungdomsarbeidar kan og søkje og vil verte vurdert tilsett mellombels dersom vi ikkje får tak i høgskuleutdanna søkjarar
  • Gode norskkunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du må like å arbeide med barn, og vere ein tydeleg vaksen
  • Kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Greie å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Godt arbeidsmiljø med med fin aldersblanding i kollegiet
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Du får vere saman med flotte barn kvar dag

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Kontaktpersonar:

Ingvard Flekke, rektor/styrar Flekke skule og barnehage

tlf: +47 57738056
mob: +47 91880274

Kjell Roger Stien, kommunalsjef oppvekst

tlf: +47 57734680
mob: 90184680

Kristin Hellebust Strømberg, styrar Våge barnehage

tlf: +47 99518177

Søk her

Søknadsfrist: 07.07.2024

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur. I oppvekstsektoren finn ein alle barnehagane og grunnskulane. Til saman er det tre kommunale barnehagar og tre skular.