Skip to content

Lærarar på Dingemoen skule – Fjaler kommune

  • by

Grip sjansen og bli med på laget!
Dingemoen skule har ledig inntil to lærarstillingar, derav ei 100 % fast. Oppstart for stillingane er august 2024.
Den faste lærarstillinga er primært knytt til avdeling 5-7, men det kan òg vere aktuelt på 1-4. Desse fagynskja: engelsk, matematikk, norsk, musikk og spesialpedagogikk. Atterhald for fast stilling er at ein har fleire av desse faga.

Dingemoen skule er ein 1-10-skule med rundt 260 elevar og ca. 55 tilsette. For tre år sidan flytta vi inn i ny 1-10-skulen i Dale. Her har elevar og tilsette fått ein flott arbeidsplass.

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk utdanning kan òg søkje.
  • Erfaring frå begynnaropplæring
  • Gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk. Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling. God på tilpassa opplæring for den einskilde elev.
  • Gode IKT-kunnskapar.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering.
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere variert opplæring for elevane
  • Gode samarbeidsevner, initiativrik og fleksibel
  • Kunne bidra aktivt i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir lagt stor vekt på om ein er personleg eigna for stillingane

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Kontaktperson: Eli-Terese Sande tlf: +47 57738161 mob: +47 41161021

Søk her

Søknadsfrist. 23.06.2024

Fjaler kommune Dingemoen skule

Dingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane.

Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule.
Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog.

Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
– tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
– høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong


Vi legg til rette for utvikling av:
– tryggleik, trivsel og medverknad
– lærelyst, kreativitet og kritisk sans
– samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
– godt samarbeid med heimen


Dingemoen skule har:
– nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme